Sande kommune har ledig heimel som fastlege ved legesenteret vårt - oppstart etter avtale. Heimelen har eit listetak på 800 pasientar og er tilknytt kommunale allmennlegeoppgåver for helsestasjon.
Det er ikkje knytt kostnadar til overtaking av heimelen
Legesenteret vårt er plassert i eigna lokaler i samme bygg som båe helsestasjon og lokal ambulanseteneste. Ein har 4 helsesekretærar tilsatt hjå legesenteret, derav ein med leiarfunksjon.
Legesenteret har 3 heimlar for fastlege og kommuna arbeidar med å få på plass LIS1. Ein har og starta arbeidet med å opprette legeplan for kommunen, denne skal bli til i samarbeid med legane knytt til legesenteret.
Du kan velje mellom leigeavtale eller fastlønsavtale - ein tek sikte på å reforhandle noverande leigeavtale i løpet av 2023.
Søknadar vert vurdert fortløpande
Vanlege fastlegeoppgaver
Kommunale allmennlegeoppgåver
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.
Dato:
2023-08-09
By:
Larsnes
Category
Læge
Ansættelsesform:
Heltid
Del annoncen: